Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 168

Han tek ikkje glansen av livet, Den frelser som kallar på deg.

Vers 1

Han tek ikkje glansen av livet, Den frelser som kallar på deg. Først då kan for alvor du leva Når han får deg fylgja på veg.

Vers 2

Du hørar dei dårande røyster Som lovar deg gullglim og glans, Men ingen legg lys over vegen Som Jesus og kjærleiken hans.

Vers 3

Han hjelper i brattaste bakkar Og stør deg når vegen vert smal. Han signar dei sollyse sleter Og lyser i dødsskuggens dal.

Vers 4

Han fører deg frelst over fjorden, Heilt fram til den himmelske strand. Når døden sin brotsjø du møter, Vil Jesus dra båten i land.

Vers 5

Han tek ikkje glansen av livet, Han gyller din morgon og kveld Og opnar ein veg til dei salar Der æveleg høgtid du held.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken