0 likesSB · 257
Her ei kjelde renner, Sæl er den som kjenner
Vers 1
Her ei kjelde renner, Sæl er den som kjenner Kjelda djup og nær, Gøymd, men openberr.
Vers 2
Ho deg rein kan gjera, Liv i døden vera, For den kjelda god Det er Kristi blod.
Vers 3
Røvaren i vande Der vart løyst or bandet, Eg så vond som han, Same frelsa fann.
Vers 4
Dyre livsens kjelde, Du nå evig velle, Alltid helsesam Skal du fløda fram.
Vers 5
Sjuke der får bade, Sørgjande vert glade Til dei framfor Gud Skin som Kristi brud.
Vers 6
Jesus vil eg æra Til dei meg skal vera Til mi grav, og eg Glad får skoda deg.
Vers 7
Då skal faderøyra Frydast ved å høyra Når eg syng hans pris I Guds paradis.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken