Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 634

Her kjem me, Jesus, dine små, Og vil til deg

Vers 1

1. Her kjem me, Jesus, dine små, Og vil til deg i stallen gå. Send oss ditt Ijos i hjarta inn, Så vegen fram til deg me finn!

Vers 2

2. Med lovsong spring me deg imot Og kysser støvet for din fot. Å signa stund, å sæle natt, Då du vart fødd, vår sjele-skatt

Vers 3

3. Velkomen frå din himmelsal Til denne dimme tåredal, Der dei deg inkje anna gav Enn stall og krubbe, kross og grav!

Vers 4

4. Men, Jesus, å kor går det til At mange ikkje kjenna vil Den kjærleik himmelhøg og stor Som drog deg til vår arme jord?

Vers 5

5. Så drag oss til ditt hjarta nær, Vår sjeleven så god og kjær, At kvar av oss så inderleg I hjartans tru må fagna deg!

Vers 6

6. Lat ikkje verdi med si makt Oss draga frå vår dåp og pakt; Men gjev, vår lyst og lengting må Til deg, til deg åleine stå!

Vers 7

7. Så skal me syngja sigersong Med alle heilage ein gong Og i ditt sæle paradis Få prisa deg på englevis.

Vers 8

8. Her står me no i flokk og rad Kring deg, vårt fagre hjarteblad. Å, hjelp at me og alle må I himlen kring din kongsstol stå!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken