Herre, å løyn ikkje åsynet for meg, Trøyste meg atter, velsigne meg, høyr meg
Vers 1
1. Herre, å løyn ikkje åsynet for meg, Trøyste meg atter, velsigne meg, høyr meg! Å du min dyre, min trufaste Frelsarmann, Kjem du ikkje snart? Kjem du ikkje snart?
Vers 2
2. Eg er ein gjest og ein framand i verda, Stundar mot himlen, men farleg er ferda. Å du min dyre osv.
Vers 3
3. Stundande her frå den framande sveimen, Skodar eg opp mot den himmelske heimen. Å du min dyre osv.
Vers 4
4. Medan du dryger, ver hos meg her nede, Lindra mi smerte og helga mi glede! Å du min dyre osv.
Vers 5
5. Hald meg urikkeleg fast ved det eme At eg må elska deg, Frelsar, åleine! Å du min dyre osv.
Vers 6
6. Styrk du mi tru og meg kle i din bunad, Gje meg til sist så den himmelske kruna! Å du min dyre osv.
Vers 7
Lina Sandell 1858. Anders Hovden 1927
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken