Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 507

Herre Jcsus, lat meg læra Av ditt ord og av di

Vers 1

1. Herre Jcsus, lat meg læra Av ditt ord og av di gjerd, At eg søkja skal Guds æra I mitt liv og all mi ferd; Ikkje for mitt eige sørgja, Berre etter ein ting spørja, Berre på det eme sjå, At Guds sak eg fremja må.

Vers 2

2. Som din mat det var å gjera Viljen hans som sende deg, Lat min høgste hugnad vera Deg å fylgja på den veg: I din Faders ærend fara Medan her mi ferd skal vara, I Guds gjerning finnast tru, Alt til enden tru som du!

Vers 3

3. Som den stille å kan renna Djupt i dalen sylverklår. Så di kraft me og kan kjenna I den stille livsgjerd vår. Når din Ande i oss råder, Går han som ei livsens åder,* Som det djupe underdrag Gjennom alt vårt liv og lag.

Vers 4

4. Jesus, lær oss Gud å dyrka Så som du, i alt vårt liv. I vår helg og i vår vyrka, I den gjerning som me driv. Så vår livnad Gud kan lova Endå i den låge stova, Så ei fattig fiskarbu Vert ei kyrkje for vår Gud!

Vers 5

5. Lat oss leva så og anda For Guds æra all vår dag, I hans gjerning stendig standa Til vårt siste andedrag! Og når mørkret på vil falla, Gjev oss då i grav den ros: Du i livet er vårt ljos!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken