Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
Åpning0 likesSB · 20

Herre, tal, din tener lyder

av Anna Sophia (1658), Bernt Støylen (1906), Magnus Brostrup Landstad

Vers 1

Herre, tal, din tener lyder! Eg på dine ord gjev akt! Liv og Ande du meg byder, Sant er alt som du har sagt. Dødens makt i meg er stor, Jesus, lat ditt livsens ord Alltid gjennom hjarta strøyma, Så eg aldri deg må gløyma!

Vers 2

Kven vil ikkje gjerne høyra Deg, vår beste ven på jord! For vårt hjarta og vårt øyra Ingen tala slike ord. Mang ein syndar seig i kne Når ditt ord som lyn slo ned. Men når hjartesårii bløder, Dine ord som balsam grøder.

Vers 3

Dine ord er klåre bekker, Som min torste sløkkja kan, Og i hungers naud du dekkjer Bord for mesg i aude land. Dine ord meg lysa skal Gjennom dødens mørke dal. Dei er sverd for den som strider, Lækjedom for den som lider.

Vers 4

Jesus, gjev ditt ord må vera Trufast gøymt i hjarta mitt, Lat det gode frukter bera, Så eg ærar namnet ditt! Tak det aldri bort frå meg, Til eg ser og høyrer deg, Herre Jesus, i di æra, Og med deg får evig vera!

Vers 5

Full av synd og sorg er verdi, Herre Jesus, hjelp du meg! Fylg og lei du meg på ferdi! Haldt meg alltid fast hjå deg, På ditt ord, den rette grunn, Så skal eg til siste stund, Ja, i døden din få vera, Og deg syngja pris og æra!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken