Hjartans Jesus, i din kjærleik Er så godt å gøyma seg.
Vers 1
Hjartans Jesus, i din kjærleik Er så godt å gøyma seg. Leva livet i din nærleik, Det er lukka på min veg. Ved ditt hjarta vil eg gøyma Meg frå verdsens ville larm. Frå din kjærleik til meg strøyma, Kjenner eg meg trygg og varm.
Vers 2
I din kjærleik, Frelsar kjære, Einast livsens lukka gror, Innved hjarta ditt å vere Det er himmel her på jord! I din kjærleik vaka, sova, I din kjærleik gå og stå, I din kjærleik beda, lova, Leva til eg heim får gå.
Vers 3
Utan deg eg kan 'kje trivast, Utan deg eg er 'kje sæl, Utan deg kan aldri gjevast Fred for lekam og for sjel. Men i dine kjærleiks-armer Er ein logn og fredfull stad, Om det stundom kring meg larmar Eg hos deg er trygg og glad.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken