Det finst ingen grunn til mismod For deg som på Kristus trur.
Vers 1
Det finst ingen grunn til mismod For deg som på Kristus trur. Når han fylgjer med på ferda. Kvi då ganga trist og stur?
Vers 2
Kor: :/: Det finst ingen grunn til mismod for deg som på Kristus trur!:/:
Vers 3
Det finst ingen grunn til mismod Når Gud er din gode Far. Han alt til det beste vender, Sjølv lagnaden beisk og hard.
Vers 4
Det finst ingen grunn til mismod. So ver då frimodig du! Og la ikkje hjarta ottast! På Gud og på Kristus tru!
Vers 5
Det finst ingen grunn til mismod Om båror mot båten slær. Når dei vil i kav deg draga, Er Jesus med hjelpi nær.
Vers 6
Det finst ingen grunn til mismod. So syng då eit takkekvad! Det lysnar av dag der framme. Ver hugheil, mi sjel, ver glad!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken