I dag kjem det bod ifrå himmelens Gud At sovande sjeler må vakna.
Vers 1
I dag kjem det bod ifrå himmelens Gud At sovande sjeler må vakna. Det hastar å pynte seg vent som ei brud For kvar som på brudgommen ventar. Å syndar, du trygge, kva tenkjer du på Som enno vil sova på brennande strå? Å vakna før døden deg hentar!
Vers 2
På jorda du eig ingen værande stad, Du er berre gjest her i verda. Når døden deg kallar, så må du av stad, Å, er du då reide til ferda? Snar gjestar han barnet som kviler på fang, Snart kvithåra gamlig med lutande gang. Å, vakna før døden deg kallar!
Vers 3
Din Fader han kallar deg kjærleg i dag. Ja, høyr då hans kall og hans bøner! Slå verda ifrå deg go syndefullt lag, Med nåde på nåde han løner! Å, kom då attende til heim og til hamn, Kom heim att til faderens famn! Men kom før enn døden deg hentar!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken