Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 593

Inga bok er meg så kjær Som min moders bibel

Vers 1

1. Inga bok er meg så kjær Som min moders bibel er Hennar tårer, hennar merke går'kje ut. Han er sliten, gammal no, Men eg minnest vel kor ho Tok meg varmt på fanget sitt og bad til Gud.

Vers 2

Kor: Gamle bok, kjære bok, Du meg minner om det dyre soningsblod! Meire kjær frå år til år Blir du meg kvar helst eg går På den tronge veg som opp til himlen når.

Vers 3

2. Som ein god og stødig stav Gud i mor si hand den gav Til eit våpen i dei harde, tunge år. Han er sliten, tårevåt, Dogga titt av hennar gråt - Han har lært meg om min Frelsars blod og sår.

Vers 4

3. Trøysta frå den gamle bok Alltid varmt om hjarta tok, Jaga hjarteverk og sjeleangest bort. Ja, den heldt i mørkast stund, Den gjev trøyst i dødsens blund, Den skal halda når eg står for himlens port.

Vers 5

4. Å, kor vel eg minnest mor, Ho meg lærde livsens Ord, Bad meg leva som ein Josef for min Gud! Mose gror på hennar grav, Men den bibel ho meg gav, Er ei lykt for meg når lyset mitt går ut.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken