Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 520

Jesus deg møter alvorleg og kjærleg, Tek deg

Vers 1

1. Jesus deg møter alvorleg og kjærleg, Tek deg til sides frå folket med seg, Ser deg i augo og spør deg så ærleg: «Kjenner du Frelsaren? Elskar du meg? Dyrt har eg kjøpt deg med kors og med pine, Hjarta mitt brast utav kjærleik til deg, Sjå, du er teikna i hendene mine - Kjenner du Frelsaren? Elskar du meg?»

Vers 2

2. Kva skal eg svara, og kva skal eg seia - Eg er så lunka i hjarta og sinn! Jesus, eg kan berre gråta og teia, Fyll du mitt hjarta med kjærleiken din! Lat meg med Peter få svara sannferdig, Endå om kulden i hjarta meg skjer: «Herre, min Jesus, eg er deg 'kje verdig, Likevel veit du eg har deg så kjær.»

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken