Jesus, din, ja, din å vera Er min hugnad og mi æra, Din i alt med liv og sjel!
Vers 1
Jesus, din, ja, din å vera Er min hugnad og mi æra, Din i alt med liv og sjel! Difor vil eg hugheilt strida Og i dine fotfar skrida, :/: Finna stridens time sæl.:/:
Vers 2
Ærekransen kan eg vinna, Livsens krona kan eg finna Berre der du sjølv er med. Midt i alt som riv og sårar, Midt i freistingar og fårar :/: Hjarta då skal eiga fred.:/:
Vers 3
Under krossen vil eg treda Og han bera stilt med gleda, Krossen, Frelsar, som er din. Går min veg i mørke dalar, Til mitt mål i himmel-salar :/: Fri og glad eg skodar inn.:/:
Vers 4
Skal eg sårt i trengsla lida, Skal eg snart i døden strida, Skal eg over stormfullt hav, Som du vil, min Frelsar kjære. Du min skjold og styrke vere, :/: Trøyst meg med din hyrding-stav! :/:
Vers 5
Under nådens ljos og stråle Lei du meg på veg til målet, Mens eg ferdast her på jord! Krossens stutte tid skal kverva, Snart eg skal din himmel erva, :/: Lova deg i englekor.:/:
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken