Jesus, du er den himmelveg
av Elias Blix (1875)
Vers 1
Jesus, du er den himmelveg Som til Gud Fader oss leier. Frelsa det er å finna deg, Liv og uvisnande heider. Du er all skapnings ljos og liv, Verdi då enn i mørker sviv, Vinglande vilt mellom graver.
Vers 2
Ljoset det inn i mørkret skin, Mørkret det ikkje vil fata. Gud sende verdi Sonen sin, Verdi då honom må hata. Han mellom sine eigne stend, Er då av sine ikkje kjend, Gjeng som ein framand i verdi.
Vers 3
Men dei som honom tok imot Og ifrå mørkret seg vende, Dei som i tru med bøn og bot Honom som Frelsaren kjende, Deim gjev han all sin barnerett, Føder deim atter til Guds ætt, Etter sitt namn han deim kallar.
Vers 4
Frelsaren til sin Fader fòr, Der han oss rom ville reia, Sende så Anden sin til jord, Som oss til sanning skal leia. Han ved Guds ord i Jesu namn Viser oss veg til himmelhamn: Jesus er vegen og livet.
Vers 5
Jesus, eg høyra vil til deim Som etter deg du kan nemna! Lat meg ved deg til himmelheim Dagleg få styra og stemna! Utan din arm i miss eg gjeng, Før du meg høgt på ørneveng, Til eg i himmelen hamnar!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken