Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 880

Jesus, lat di redde due Snart få kvila ut hos deg' Denne jord har inga tue Der ho

Vers 1

1. Jesus, lat di redde due Snart få kvila ut hos deg' Denne jord har inga tue Der ho trygt kan kvila seg I Og ho lengtar, og ho lengtar heim frå ville ørkenveg. .1.

Vers 2

2. Ferda er så full av farer, Vegen, å, den er så smal! Og på Satans mange snarer Er det aldri noko tal. :/: Siste striden, siste striden kjem i dødens skuggedal. :/:

Vers 3

3. Lat di miskunn styrkja motet Så som emast du det kan! Lær meg alltid sjå det blodet Som for mine synder rann! :/: Soningsblodet, soningsblodet, Der eg liv og frelsa fann. :/:

Vers 4

4. Lat din Ande trufast leia Mine steg på livsens veg, Sjølv eg kan meg ikkje greia, Lett eg villest bort frå deg! :/: Dyre Frelsar, dyre Frelsar, Emast du kan berga meg!:/: 5. Lat ei synda her på ferda Dåra og forføra meg, Nei. for heile vide verda Vil eg ikkje mista deg. :/: Du åleine. du åleine, fører meg den rette veg!:/:

Vers 5

6. Gjer meg stille, gjer meg stille, Gøym meg djupt i dine sår! Då det aldri går meg ille, Kor det enn i verda går. :/: Ved din nåde, ved din nåde heim til himlen dua når.:/:

Vers 6

Lina Sandett 1863. Anders Hovden 1927

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken