Jesus på Golgata livet meg vann
Vers 1
Jesus på Golgata livet meg vann. No han meg leier til himmelens land. Sist han meg ber i sin herlegdom inn, Stund etter stund eg, min Frelsar, er din!
Vers 2
Kor: Stund etter stund han i kjæleik meg ber, stund etter stund han i nåde er nær, Sist han meg ber i sin herlegdom inn, Stund etter stund eg, min Frelsar, er din!
Vers 3
Aldri ei natt der ei han er mitt ljos, Aldri ein storm der ei han er min los. Fram får eg gå i hans heilage namn, Stund etter stund har eg fred i hans famn.
Vers 4
Aldri ei freisting der han ei er nær, Aldri ei byrde som han ikkje ber, Aldri ei naud som ei han tek på seg, Stund etter stund har han omsorg for meg.
Vers 5
Aldri ei klage når noko er åt, Aldri ei sorg eller sviande gråt, Aldri ein fare der han ei er med Stund etter stund til sitt folk ser han ned.
Vers 6
Aldri ei vanmakt for stor for hans dåd, Aldri ein sjukdom der han ei veit råd. Stund etter stund, ja, i ve og i vel, Jesus er nær ved mi lengtande sjel!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken