Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 450

Jesus, styr min vesle båt, Storm det er og tunge brot,

Vers 1

Jesus, styr min vesle båt, Storm det er og tunge brot, Styr du med ditt allmaktsord Når det knakar i kvart bord, Styr du gjennom skavl og straum Når det knest i kvar ein saum!

Vers 2

Vesle båten er så skral I den djupe båredal, Endå mindre er han trygg På ein skumkvit byljerygg. Bryt det over bord og stamn, Jesus, lat meg augna hamn!

Vers 3

Er eg fegen, trygg og kåt, Jesus, styr min vesle båt! Er eg sol og stilla unnt, Kanskje då han helst går rundt. Korleis enn min lagnad er, Hjelp meg du, så båten ber!

Vers 4

Jesus, styr min vesle båt Til han eingong legg attåt Ved den sæle himmelstrand, Der eg frelst kan gå i land Og deg seia lov og takk Evig for at fram eg rakk!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken