Kjære Gud, når eg bed
Vers 1
Kjære Gud, når eg bed, Lat min tanke kvile i fred Frå alt stress i verda omkring Og all uro for daglege ting. Lat din kjærleik få trengja seg inn Slik at han kan forandre mitt sinn. Lat oss alle som trur på ditt ord Vera saman i bøn for vår jord.
Vers 2
Hjelp meg, Gud, til å gi Både pengar, arbeid og tid I den tenesta der eg er sett, Slik at eg kan forvalte den rett. Gi meg kraft til å dele mitt brød Med dei menneska som er i nød. Hjelp meg søkje fornying og fred. Høyr meg, kjære Gud, når eg bed.
Vers 3
Takk for frelse og fred Når i Jesu namn eg får be. Herre lær meg den vegen å gå, At eg alltid din nåde kan få. Og eg veit at ein dag er eg fri Som eg aldri her nede kan bli. Når all vondskap og nød er forbi, Evig glede og fred vil du gi.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Bibelvers
Filipperbrevet 4:6
Vær ikke bekymret for noe, men legg alt fram for Gud i bønn.
Fortsett lesingen
Sangboken