Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 595

Kjære Jesus, dine hender La du venleg på dei

Vers 1

1. Kjære Jesus, dine hender La du venleg på dei små, Og du sa til dine venner At til deg skal borna gå. Sjølv du vart til Herrens tempel Emgong boren av di mor. Lat meg minnast ditt eksempel Når eg høyrer dine ord.

Vers 2

2. Du til dåpen lét meg kalla Då eg var ein liten knopp. Skal eg visna, skal eg falla? Hjelp meg du å veksa opp! Hjelp meg tidleg rett å læra Og å elska dine ord, Så blant dine eg kan vera Når dei samlast ved ditt bord!

Vers 3

3. Når eg så skal ut i verda, Aldri eg åleine er. Møter freistingar på ferda, Følgjer du meg kvar eg fer. Trygt skal dine hender bera Meg og sysken, far og mor. Lat oss evig saman vera, Vi som var det her på jord!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken