Kling no, klokka
av Carl Boberg
Vers 1
1. Kling no, klokka! Ring og lokka, Ring og lokka frå tusen tårn! Tona om frelsa! Kalla og helsa, Kalla og helsa med fred Guds born! Kling no, klokka! Ring og lokka, Ring og lokka frå tusen tårn!
Vers 2
2. Songar sæle, Englemæle, Englemæle med livsæl Ijod! Far gjennom grender, Strøym over strender, Strøym over strender som tonefiod! Songar sæle, Englemæle, Engle- mæle med livsæl Ijod!
Vers 3
3. Englar kveda: Høyr den gleda, Høyr den gleda som her er hend! Ljoset er runne, Livet er vunne, Livet er vunne: ein Frelsar send. Englar kveda: Høyr den gleda, Høyr den gleda som her er hend!
Vers 4
4. Sæle stunder, Store under, Store under og løyndoms skatt! Møyi vart moder, Gud vart vår broder, Gud vart vår broder i jolenatt. Sæle stunder, Store under, Store under og løyndoms skatt.
Vers 5
5. Barn er bore, Barnekåret, Barnekåret ved det me vann. Anden no føder Oss til hans brøder, Oss til hans brøder, Guds bom som han. Barn er bore. Barnekåret, Barnekåret ved det me vann.
Vers 6
6. Sjå, det dagast, Snart det lagast, Snart det lagast til høgtid ny! Då skal oss klokka Leikande lokka, Leikande lokka til helg i sky. Sjå, det dagast, Snart det lagast, Snart det lagast til høgtid ny!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken