Kom, Frelsar, kom inn
av Matias Orheim (1908)
Vers 1
Kom, Frelsar, kom inn Og lys du din fred i vårt hjarta og sinn! Ja, tolk med din kjærleik det levande ord, Så vert denne staden ein himmel på jord! Då livet til kvardags får helgedagsskrud I møte med Gud.
Vers 2
Set hjarta i brann! Å, lat meg få kjenna di trufaste hand! Ja, kom med di fredshelsing stille og varm, Og lat meg få setja meg inn ved din barm! Om kring oss det stormar då aldri så vilt, Hjå deg er det stilt.
Vers 3
Å herlige stund Når alt som vil stengja, vert rive i sund, Når du kjem deg inn gjennom attstengde dør Og glade oss gjer som du gjorde det før! For føtene dine vi stille sit ned I hugnad og fred.
Vers 4
Det levande ord Som gjev oss dei fagraste stunder på jord, Å,tal du det ord så kvar tvilar må sjå At du kan imellom oss levande gå! Så lat du oss kjenna med eldhug og brann Di frelsande hand!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken