0 likesSB · 358
Kor fagert namnet Jesus er!
av Joseph Mohr
Vers 1
Kor fagert namnet Jesus er! Ja, klangen himlen til meg ber, Og gleda utan ende er I frelsarnamnet Jesus.
Vers 2
Kor: Jesus, fagrast ord og song! Jesus, all min hjartetrong! Jesus no - og sist ein gong Skal evig jubel æra!
Vers 3
Eg elskar Jesu dyre namn, Det er så god og trygg ei hamn. Kvart sår, kvar tåre i hans famn Dei kverv, men freden varer.
Vers 4
Og inga tunge tolka kan Den trøyst i dette namn eg fann. Det ingen gav, eg fekk av han, Difor eg elskar Jesus.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken