Kor herleg å få vera Ein himmeltone klår Ifrå
Vers 1
1. Kor herleg å få vera Ein himmeltone klår Ifrå Guds eiga harpa, Der kjærleiksklangen rår! Her nede når vårt øyra Eit vell av mislyd vilt, Men sæl kvar sjeleharpa Som vart av Herren stilt!
Vers 2
2. Når sjela her får kvila Ved synet på Guds Lam, Då bryt eit vell av lovsong Frå hjartedjupet fram, Og Andens milde susing Frå himmelheimen der Blir boren fram i tonar Frå hjartans indre verd.
Vers 3
3. Når kvar ein sjølv-lyd tagnar, Og strengen brest til sist, Fyrst då kan Kristus finna Den klangen som var mist. Det er den djupe løyndom: Den store meisters hand I brostne hjarto bare Guds tone skapa kan.
Vers 4
4. Men ei i tonar bare, I ord og ytre ferd, Nei, stilt og sterkt det strøymer Frå hjartans løynde verd. Når Gud får slå akkorden I himmel og på jord, Blir mennesket ei harpa, Ein lovsong utan ord.
Vers 5
5. Skal det med deg få henda, Må sjølv du verta tom, Og verdsens larm må tagna I hjartans heilagdom. Når Herren der vil tala, Du sjølv må vera still, Så han med instrumentet Kan gjera kva han vil.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken