Kor herleg, Gud, å prise deg
Vers 1
Kor herleg, Gud, å prise deg! Ditt folk skal bøye kne. Ja, alt som lever, kjem til deg Som svarar når vi bed.
Vers 2
Med age ser kvart folk på jord At einast du er sterk. Der morgon renn, der kveld bryt fram, Stig lovsong for ditt verk.
Vers 3
Du, Herre, gjev oss rikdom nok, Du gjestar sjølv vår jord. Og vatnet fløymer i Guds bekk, Så korn i mengder gror.
Vers 4
Du lét i nåde år for år Di gjerning vare ved. På pløgde åker fell ditt regn Og di velsigning ned.
Vers 5
Med godleik kronar du ditt år, Det dryp i dine far. Det fløymer rikt der du går fram, Det syng frå fjell og skar.
Vers 6
Sjå, sauer kleder grøne eng, Kvar dal har korn til drakt. Alt folket ropar høgt av frygd Og jublar om di makt.
Vers 7
Gud Fader, Son og Ande god, Kvar tunge prisar deg. Ver lova, som i opphavs tid, Så no og æveleg!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken