Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 202

Kor herleg når ungdomen søkjer sin Gud, Vert løyst i frå synda,

Vers 1

Kor herleg når ungdomen søkjer sin Gud, Vert løyst i frå synda, vert Frelsarens brud, Får fagraste prydnad av kvitaste lin, :/:Som snøen så rein og så bjart og så fin.:/:

Vers 2

Kor herleg når ungdomen vitnar i kor: Det finst ikkje nokon som Jesus på jord! Han leita meg opp på min villande veg, :/:Han bar meg så kjærleg og mildt heim til seg.:/:

Vers 3

Som fuglane syng borti li og i lund, Eg kvitrar og kved no kvar einaste stund. For alt er så nyskapt, og sola ho skin, :/:Og himlen er open, og Jesus er min.:/:

Vers 4

Kor herleg å veta at Jesus held fast Om allting i verda seig saman og brast! Han slepper 'kje taket som tok meg i hand, :/:Han leier meg trykt heim til himmelens land.:/:

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken