Kva tykkjer du om Jesus Krist?
Vers 1
Kva tykkjer du om Jesus Krist? Det må du, syndar, vita visst, Så du kan Herren svara. For finn du ikkje svaret før, Når han ein dag som domar spør, Då vil du ille fara.
Vers 2
Kva tykkjer du om Jesus Krist? Å, syndar, tak då ei i mist, Når du skal svaret gjeva! For liv og død på dette stend Om Kristus rett av deg vert kjend: Gjev svar så du kan leva!
Vers 3
For er han berre Davids son, Om òg så stor som Salomon I visdom, makt og æra, Han endå ikkje er den mann Som liv av døde gjeva kan, Og sæl ein syndar gjera.
Vers 4
Så bed om Anden, at du må Fyrst all di synd i sanning sjå Og sårt av hjarta kjenna! Og ropa så frå djupet ut For Jesus all di sorg og sut, Lat angers tårer renna!
Vers 5
Så skal du òg ved trui få Med andre augo Kristus sjå Og kjenna honom nære; Då ser du meir enn Davids son, Du ser ein syndars liv og von, Ja ser din Gud og Herre.
Vers 6
Kva tykkjer du om Jesus Krist? Då kan du svara sant og visst: Han er min Gud og Frelsar! No sit han ved Guds høgre hand Og legg for fot kvar fiendsmann, Men sælt Guds vener helsar.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken