Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
Barnesang0 likesSB · 801

Kven er han som bur i stjerneskjold

Refreng

Det er Jesus. Han så fattig kom For å gje oss av Guds herlegdom.

Vers 1

Kven er han som bur i stjerneskjold, men som her må sova i ein stall?

Vers 2

Kven er han som står blant høvelspon, endå han er Davids rette son?

Vers 3

Kven er han som må i ørken gå førti dagar utan mat å få?

Vers 4

Kven er han som trøytt har sett seg ned ved ein brunn, der han om drikke bed?

Vers 5

Kven er han dei jagar frå sin by, heimlaus, meir enn fuglen under sky?

Vers 6

Kven er han som kront med klunger er og på krossen alles synder ber?

Vers 7

Kven er han som opp til himlen fer, men kvar dag er hjå oss alle her?

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Bibelvers

Matteus 1–28

Spørsmål om Jesu liv, gjerning og frelse.

Fortsett lesingen

Sangboken