0 likesSB · 583
Langt bortom rømd som blånar, Lenger enn
Vers 1
1. Langt bortom rømd som blånar, Lenger enn soler går, Høgre enn stjerner strålar Den barn- lege bøni når! Åndi frå skuggestrender Lyfter sitt venge- par. Bankar på himmelporten Og søkjer sin heim, sin Far.
Vers 2
2. Verdlaust vert alt i verdi, Maktlaus kvar jordisk ven, Sjeli finn ro og feste Åleine i himmelen. Såraste sorg skal stilna, Mørker til morgon snu, Berre du trutt vil vandra På bøni si himmelbru.
Vers 3
3. Veikaste barn som vender Hjarta til Herren sterk, Maktar langt meir enn kjemper Som lit på sitt eige verk! Måtte me alltid minnast Kvar me i verdi går, At til Guds eige hjarta Den bamlege bøni nar.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken