0 likesSB · 363
Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim, Lei du meg fram!
Vers 1
Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim, Lei du meg fram! Eg går i mørke natt langt frå min heim, Lei du meg fram! Før du min fot, eg treng ei sjå min veg Så langt og vidt - eit steg er nok åt meg!
Vers 2
Du veit det vel, eg bad ei alltid så: Lei du meg fram! Eg ville velja sjølv min veg, men no Lei du meg fram! Eg ville leva fritt, var stolt og strid Og stor i mod - å, gløym den dårskaps tid!
Vers 3
Di makt har signa meg, då veit eg visst Du leier enn I myr og fjell og hei, og så til sist Ein morgon renn, Då til meg smiler engleåsyn blid, Som eg har elska før, men mist ei tid.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken