Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 742

Lev for Jesus

Vers 1

1. Lev for Jesus! Inkje anna Er då verdt å kallast liv I Til den venen framfor andre Hjartans fyrste kjærleik giv' :/:

Vers 2

2. Lev for Jesus! Verdsens eiga: Æra, rikdom, makt og glans :/: Aldri gjeva kan ditt hjarta Slik ein varig fred som hans.:/:

Vers 3

3. Lev for Jesus! Sanka sjeler Til hans kristne venelag! :/: Kort er tida, yrketida, Snart er endt din arbeidsdag.:/:

Vers 4

4. Tusen, tusen arme sjeler Sukkar tungt i synd og strid, :/: Lat dei få eit ord om Jesus Medan enno det er tid! :/:

Vers 5

5. Seg dei det du sjølv har vunne, Vitne om kva sjølv du såg: :/: Om hans kjærleik utan like, Då du ved hans hjarta låg! :/:

Vers 6

6. Lev for Jesus! Gjev til honom Livsens fagre ungdoms- vår.:/: Gjev han ég din manndoms styrke, Gjev han alderdomens år! :/:

Vers 7

7. Gjev deg heilt! Om det han bed deg, Sjølv han gav seg heilt til deg :/: Då han fattig og forakta Gjekk her nede krossens veg. :/:

Vers 8

8. Gjev deg heilt, og vit at ingen, Ingen det har trega på! :/: Lev for Jesus til du salig Inn til kvila hans får gå! :/:

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken