0 likesSB · 913
Lov og takk og evig ære Vere deg, Guds Son, vår bror
Vers 1
1. Lov og takk og evig ære Vere deg, Guds Son, vår bror. Du som tenar ville vere, Fødd til ringe kår på jord! Kjære Jesus, lær meg du Rett med kjærleik, von og tru I ditt fotefar å trede, Så din veg vert all mi glede.
Vers 2
2. Skal enn kross og naud meg valde Sukk og gråt i verda her, Lær meg fast ved deg å halde, Meir og meir å få deg kjær, Så til siste stund eg finn Ved ditt liv og døden din All mi lindring, von og visse! Å, lat meg deg aldri misse!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken