Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 103

Lovsyng vår Herre, den mektige kongen med ære!

av Joachim Neander (1679), Bernt Støylen (1918)

Vers 1

Lovsyng vår Herre, den mektige kongen med ære! Herren å prise vår høgaste hugnad skal vere! Lovsongar kved, Sitar og harpe, kling med! Syng for Gud Herren, den kjære!

Vers 2

Lovsyng vår Herre som styrer med velde i nåde, Ber deg på venger som ørnen i sorger og våde! Han lét deg få Meir enn du sjølv kan forstå. Herren med miskunn deg råde!

Vers 3

Lovsyng vår Herre som allting så vel for deg lagar! Han gjev deg helse og held i si hand dine dagar, Han som i sorg Gøymer deg trygt i si borg, Fienden bort frå deg jagar!

Vers 4

Lovsyng vår Herre som livet og lukka vår leier, Vernande venger frå himmelen over oss breier, Signar vårt år, Sender oss fredsame kår, Kronar vårt arbeid med heider!

Vers 5

Lovsyng vår Herre, mi sjel og alt i meg mun vere! Alt det som lever, skal love hans store namns ære! Han er ditt ljos, Gjev honom heider og ros! Amen, han sjølv deg det lære!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken