Me tenkjer på landet, det land du oss gav, Så underleg fagert frå høgfjell til
Vers 1
1. Me tenkjer på landet, det land du oss gav, Så underleg fagert frå høgfjell til hav, Med som ikkje kan tolkast med ord: Å, Herre, din nåde mot Noreg var stor! Din nåde var stor imot Noreg.
Vers 2
2. Me tenkjer på heimen, den heimen me fekk, Der glade imellom dei kjære me gjekk, Der kjærleik me møtte hos far og hos mor: Å, Herre, din nåde osv.
Vers 3
3. Me tenkjer på fridom og hun dreårs fred: Så trygt fekk me virka til sola gjekk ned, I fred fekk me kvila, og høyra Guds ord: Å, Herre, din nåde osv,
Vers 4
4. Me tenkjer på Ordet, vår dyraste skatt, Som kom hit med lys i den djupaste natt Og gjev oss det evige liv alt på jord: Å, Herre, din nåde osv.
Vers 5
5. Me tenkjer på alle som Herren har kjær, Som trufast vil æra og tena han her. Dei strør ut sitt såkorn, - og fagert det gror: Å, Herre, din nåde osv.
Vers 6
6. Me minnest din nåde - vår Gud, ba då takk Fordi at ditt gledebod landet vårt rakk Og skapte ein livsdag så sæl i vårt nord! Takk, Herre, - din nåde mot Noreg var stor! Me takkar deg, Herre, for Noreg.
Vers 7
Trygve Bjerkrneim j934
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken