Med Gud ved vår sida, hans Ande og ord,
Vers 1
Med Gud ved vår sida, hans Ande og ord, Og brør som vil strida for korset på jord, Dei ukjende dagar vi møter med trøyst, :/: Vår hyrding oss leier, :/: Vår trufaste hyrding, vi kjenner hans røyst
Vers 2
Ja, Kristus er med oss, den Golgata-helt, Hans siger no gled oss, vår fiend er felt. Om synda har dåra og ført oss til skam, :/: For oss vart du såra, :/: Oss fridde og frelste, du blodige Lam.
Vers 3
Vil Satan meg saka og koma med krav, Då fast vil eg taka om Ordet du gav, Den store, den evige sanning om deg: :/: Ein døydde for alle, :/: Du døydde for alle, du døydde for meg.
Vers 4
Sjå dette er nåden som gjorde meg fri, Sjå, dette er nåden som styrkjer i strid! Sjå, det er Guds nåde for alle som ein: :/: Han ser meg i Jesus, :/: Ja, evig i Jesus rettferdig og rein!
Vers 5
Den stormande verda vil stengja vår veg, Men pilegrimsferda mot himmelen dreg. Og ferda skal enda for trona ein dag. :/: Vår hovding er førar, :/: Vår sigrande hovding, då vinn vi vårt slag.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken