Med Jesus fram i dei beste åra, Når sjela ung som ein vårskog stend,
av Carl Boberg
Vers 1
Med Jesus fram i dei beste åra, Når sjela ung som ein vårskog stend, Når mektige lyfter seg livsens båra, Fram til Guds tempel, der lyset brenn! Der vert du signa frå år til år, I visdom veks, og ditt livsmål når.
Vers 2
Med Jesus fram gjennom arbeidsmøda, Dei mange dagane uten løn, Den tid du ventar den seine grøda, Dei lengtings år utan svar på bøn, I lydnad still, og i tru som hans, Om vinst ei vinkar i sigerkrans.
Vers 3
Med Jesus fram når Guds gode Ande Til kamp deg kallar for Kristi sak, Når han deg fører til freistingslandet, Til øydemarka, der matt og svak Du byrjar striden, ein strid med fred, - Ein strid med siger, for Han er med.
Vers 4
Med Jesus fram mellom unge hærar Som søkjer lukka i Kristi kall, Og mellom borna somhonom ærar me hosianna i tempelhall! Men får for æra du spott og skam, Dess meir då gjeld det: Med Jesus fram!
Vers 5
Med Jesus fram or dei brostne banda Som her har bunde alt liv i død! Men Jesus, levandegjord i ånda, Til ævedagen sin morgonglød, - Med Jesus fram til vår Faders hus, Der Gud er sol og Guds Lam er lys!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken