Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 104

Min Jesus Krist, eg elskar deg, Mi synd du ville bera.

av Hallgrimur Péturson (1659), Anders Hovden (1928)

Vers 1

Min Jesus Krist, eg elskar deg, Mi synd du ville bera. All di fornedring lyfte meg, Di skam er all mi æra. Dei sår og slag som råka deg Til himmels opp skal lyfta meg, Din vil eg evig vera.

Vers 2

Så lenge hjarta i meg slær, Din pris eg fram vil bera, Og alt mitt liv og all mi ferd Skal deg ein lovsong vera. Deg vil eg prisa hjarteglad I kvar ei stund, på kvar ein stad, Hjelp meg det rett å gjera!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken