Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 210

Nåde, nåde utan ende, Å, kor er Guds nåde stor!

Vers 1

Nåde, nåde utan ende, Å, kor er Guds nåde stor! Verdi seg frå honom vende, Gløymde bort hans gode ord. Men vår Gud oss ikkje gløymde, Han oss i sitt hjarta gjøymde. Alt frå me i syndi fall, Gjekk på jodi ut hans kall.

Vers 2

Alt frå morgonstund han kallar, Lokkar medan dagen lid. Og når dag til kvelden hallar Og ved seine nattetid, Kallande han handi retter Ut til alle folk og ætter. Til kvart land og til kvart lyd Går hans røyst og inn dei byd.

Vers 3

Men når dagen ut er runnen, Han til løn oss kallar inn. Den som då vert fulltru funnen, Liv til løn av nåde vinn. Herre, vekk då hug ig øyra, Så ditt kall me gjerne høyra! Alle til din vingard drag Medan det enno er dag!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken