0 likesSB · 567
Når brødre og søstre til saman kan bu Med bøn
Vers 1
1. Når brødre og søstre til saman kan bu Med bøn og med Bibel, i von og i tru, Då strøymer velsig- ning frå himmelen ned Frå Gud og vår Frelsar med liv og med fred. Då strøymer velsigning frå himmelen ned.
Vers 2
2. Når kjærleiken råder, og alle er små, Og opp til kvar- andre dei audmjukt kan sjå, Når alle vil tena, og ingen er stor, Då er dette samfunn ein himmel på jord. Då er dette samfunn ein himmel på jord.
Vers 3
3. Ei sjel og eit hjarta, ei von og ei tru, Med tenande kjærleik vi saman må bu. Då livet får vokster mot Herren å nå Til frelst vi for himmelens kongsstol skal stå. Vi frelste for himmelens kongsstol skal stå.
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken