Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 111

Når kristne kved til ære For Jesu store namn,

Vers 1

Når kristne kved til ære For Jesu store namn, Stig Gud i lys dei nære Med lækjedom i famn. I motgangs tunge stunder Gjev han vår ånd på ny Å sjå det kjærleiks under At sol bryt regntung sky.

Vers 2

I still tilbeding skodar Vi Herrens frelse-veg. Som klåre morgon rodar, Han oss i møte dreg. Og løyst frå sorg som plagar Vi glade ser i tru At fram mot nye dagar Hans kjærleik byggjer bru.

Vers 3

Vi kviler i hans vilje Kva enn oss henda må. Han kler den kvite lilje Og veit for sine råd. Så vidt seg himlen spenner, Ser han kvar fugleveng, Og sine born han kjenner, Vil gje oss det vi treng.

Vers 4

Var vin-tre utan drue Og åkrar utan foll, Fanst inkje bær på tue Og inkje strå på voll, I tider og i æva Vår Gud den same er. Eg vil min takk deg gjeva, Ditt namn eg prisar her!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken