Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 887

Når mitt livsverk er enda, og eg over elva går, 0g Guds lyse morgon spreier

av Fanny Crosby, Nils Lavik

Vers 1

1. Når mitt livsverk er enda, og eg over elva går, 0g Guds lyse morgon spreier dødsens eim, Eg skal kjenna min Frelsar når på stranda der eg står, Og han helsar meg så varmt: Velkommen heim!

Vers 2

Kor: Eg skal kjenna, kjenna honom, Når min Frelsar eg ser som han er, Eg skal kjenna, kjenna honom På det merket som han i handa ber.

Vers 3

2. For ein fryd eg skal kjenna når hans åsyn eg får sjå, Og hans milde augo strålar i sin glans! Ja, ein æveleg lovsong vil frå løyste tunger gå. Og med jubel prisa frelsarverket hans.

Vers 4

3. Og dei kjære i Eden dreg min hug frå denne jord, Helst når avskilsstunda her eg hugsar på. Og dei syng eit: Velkommen! når eg kjem i himmelkor, Men det største vert min Frelsar å få sjå.

Vers 5

4. Gjennom porten i staden til ei gleda utan gråt Han meg leier til den store himmelfest. Då eg syng med dei frelste til ein herleg harpelåt, Og i songen tonar Jesusnamnet best

Vers 6

Fanny Crosby 1901 Nils Lavik 1927

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken