Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 409

Når stride stormar mot deg jagar, Og mørke hausten synest nær,

Vers 1

Når stride stormar mot deg jagar, Og mørke hausten synest nær, Dei øydest, dine rike hagar, I molda morknar blad og bær, Då har du livsens fullnad nått: Det Herren gjer, er alltid godt.

Vers 2

Når allmakts-handa lyfter riset, Når du lyt tøma ut di skål, Og ingen stad finn livd og lise, Då fyller Gud sitt miskunns-mål. Det gyller sol mot uvêrsgrått: Det Herren gjer, er alltid godt.

Vers 3

Og syner han deg djupe grunnar Av natt i dine sjelehav, I angst du opp mot dagen stundar Og takkar han som dragnad gav Og lengt mot lys og himmelblått: Det Herren gjer, er alltid godt.

Vers 4

Det kjem ein dag då kvar ei tåre Som rann på tunge røyningsveg, Skal bytast ut i perler klåre, Når du mot paradiset dreg. Di gåta har si løysing fått: Det Herren gjorde, det var godt.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken