No koma Guds englar med helsing i sky, Guds
Vers 1
1. No koma Guds englar med helsing i sky, Guds fred og velsigning dei bjoda. No stig ifrå jordi ein helgasong ny, Som skal gjennom himmelen ljoda: Guds fred og vel møtt, Du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 2
2. Til frelsa den fyrste er kåra og krynd Og komen til løysing og lukka For menneskeborn som er fødde i synd Og alt uti vogga må sukka. Guds fred med dei små Som honom fekk sjå! Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 3
3. I djupaste mørker vart himmelen klår Då stjerna av Jakob* seg viste. I hardaste vinter det grønkar som vår, Og fagraste knupp spring av kviste. Guds fred og god jol Med sumar og sol! Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 4
4. Der ute er jordi så isende kald, Og trei stend svarte i skogen. Men Isai stuv,** som til frelsa er vald, Skyt livs- kvisten fager og mogen. Guds fred med den tein Av grøn- kande grein! Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 5
5. No stjerna frå Betlehem lyser om land Frå høgsal til armaste hytta. Det Ijosnar så vent over dalar og strand Der inn hennar strålar få glytta. Guds fred over mold! Vår sol og vårt skjold, Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 6
6. No Ijodar ein lovsong frå alle Guds bom, På alle folks tungor dei kveda. Så vida som klokkone tima frå tårn, Stig tonar av hugnad og gleda. Alt kling som i kor: Guds fred over jord! Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 7
7. Lat gjetordet ganga frå grend og til grend, Så vida som tunga kan mæla, Om Sonen som er oss frå himmelen send All verdi til siger og sæla! Syng ut i kvar bygd: Guds fred ifrå høgd! Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Vers 8
8. Den freden meg fylgje frå vogga til grav, Meg hugge i saraste suter! Så seier eg når eg frå verdi fer av Og døyande hovudet luter: Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl. Vår fredsfyrste høgt vere lova!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken