Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 819

No livnar det i lundar, No lauvast det i li, Den heile skapning stundar No fram

Vers 1

1. No livnar det i lundar, No lauvast det i li, Den heile skapning stundar No fram til sumars tid.

Vers 2

2. Det er vel fagre stunder Når våren kjem her nord Og atter som eit under Nytt liv av daude gror.

Vers 3

3. Guds kyrkje lysa skulle Som høgt på berg ein stad, Med sumar utan kulde Og utan solarglad.

Vers 4

4. Guds ord vel alltid lyser. Den sol gjeng aldri ned. Det hus som Anden hyser, Ligg støtt i Ijos og fred.

Vers 5

5. Men stundom kom det kulde På Herrens kyrkjemark. Det var som Gud seg dulde, Og borte var Guds ark.

Vers 6

6. Det var dei mørke dagar, Guds Ord var fåhøyrd segn. Og hjarta frys og klagar, Det saknar sol og regn.

Vers 7

7. Så sende Gud sin Ande Som dogg på turre jord. Då vakna liv i lande, Då grøddest vent Guds Ord.

Vers 8

8. Då er det sæle tider For Kristi kyrkjegrunn. Då lauvast det i lier, Då livnar det i lund.

Vers 9

9. Då ljosnar det i landet Frå fjell og ned til fjord. Då losnar tungebandet, Då kved Guds folk i kor.

Vers 10

10. Då skin det over strender Som sol ein sumarkveld. Då gløder kring i grender Ein heilag altareld.

Vers 11

11. Du vår med Ijose dagar, Med lengting, liv og song, Du spår at Gud oss lagar Ein betre vår ein gong,

Vers 12

12. Då me med vigsla tunge, Med kjærleik heil og klår, Alt utan brest og sprunge Skal lova Herren vår!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken