Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 539

Om dagen under all mi ferd eg tenkja vil på

Vers 1

1. Om dagen under all mi ferd eg tenkja vil på deg Som med så mykje møde gjekk harde lidings- veg. Ja, lydig inntil døden du gjekk til kors og spott Og løyste ut mitt hjarta frå evig naud og nott.

Vers 2

2. Og det som elles er så tungt og sårt på mange sett, Det gjer din nåde. Jesus. for meg så lyst og lett. Ja, kan eg berre seia om alt eg tek meg til: Det gjer eg for min Frelsar, kor lett det ganga vil! 3. Og vert det emsleg, tomt og audt for meg på livsens ferd, Eg saknar ikkje noko, for Jesus er så nær. Han veit kva eg treng hava av glede og av harm, Og gjennom alt som møter, han held meg ved sin arm.

Vers 3

4. Og han er livsens kjelde klår som stiller torsten min, Og nokon jordisk kjærleik lik hans du aldri finn. Hans kjærleik kan 'kje kverva som annan kjærleik kan. Kvar finn vi vel hans like, kven er ein Gud som han?

Vers 4

5. Eg har så trygg ein kvilestad i Jesu dyre sår. Der har eg jul i fasta, og midt i vintren vår. Om verda kring meg brusar, er han mi frelseborg, Der syng eg om hans nade. så stilnar all mi sorg.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken