Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 462

Om mykje i verda kan såra mi sjel,

av Friedrich Layriz, Friedrich Layriz, Jerome Rajoelina

Vers 1

Om mykje i verda kan såra mi sjel, Med Jesus eo Ordet det alltid går vel, Ja, om eg enn stundom har tåra på kinn I trua på Ordet gudsfreden er min.

Vers 2

Kor: Den rikdom er stor: Ha Jesus til bror Og eiga Guds levande ord.

Vers 3

Når synda meg skræmer og plagar mi sjel, Då ordet om Jesus meg trøystar så vel. Mi synd er mot Jesus som gneisten mot hav. Den sloknar og søkk i det djupaste kav.

Vers 4

Når freistingar fell som ein storm over meg, Då ser eg min Herre, då ser eg til deg, For du er mi rettferd, du fører min sak, Så freistaren rømer og slepper sitt tak.

Vers 5

Når ofte i livet det skymest som natt, Eg skundar til Ordet, då lysnar det att. Om gjæve og rike eg ikkje er lik, Eg skodar i Ordet, og der er eg rik.

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken