På åkeren ut
av Olai Aalen
Vers 1
1. På åkeren ut! Sjå, våren han lyser frå hav og til nut, Og åkeren ligg her så vid og så stor, Du veit at han rekk over heile Guds jord, Og sædet det strålar som skiraste gull I såkorga full.
Vers 2
2. Du skunda deg må Og Herren sitt sæde i åkeren så! Vi treng ikkje kivast, for her er det rom, Og korga vi tek ur. ho vert ikkje tom. Gud vil vi skal streva som sysken i lag Kvar emaste dag.
Vers 3
3. Så følg då ditt kall Og kom med i strevet før tida vert all*! Du veit du må streva så trutt som ein maur, Skal korn du få skjera og setja på staur. Om handa vil skjelva, og kruna vert grå, Du sædet må så!
Vers 4
4. Og råkar du stein Og ugras og anna som er deg til mein, Du må ikkje trøytna. men så det du rekk, Og hugs at det Frelsaren like cins gjekk. Og tenk ikkje berre på frukter og løn, Men øv deg i bøn!
Vers 5
5. Og Jesus går med, Han strevet ditt signar og hjarta ditt gled. Og løna han gjev deg så rikt og så raust, Når inn i si løa han bergar sin haust. Han tørkar di tåra og lækjer di sut. På åkeren ut!
Vers 6
f~r tida vert all = før tida tek ~Iutt
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken