Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 568

På ein og same grunnvoll har Gud si kyrkja

Vers 1

1.På ein og same grunnvoll har Gud si kyrkja bygt: På berget, Jesus Kristus, Guds Son. ho kviler trygt Ho er hans nye skapning ved vatn og Ånd og

Vers 2

2. Han kom frå høge himlar og søkte seg ei brud. For hennar liv han døydde, og kjøpte ho til Gud. So høgt han henne elska, og blodet var den prts som opna henne vegen til livsens paradis.

Vers 3

3. Vald ut or alle ætter, og eitt ho endå er: Ei tru, ein dåp bind saman Guds folk i all vår verd. Eitt heilagt namn ho signar, hev same nattverdbord. Med same von ho hastar fram mot den nye jord.

Vers 4

4. I storm og strid og stengsla ho stundar og ho bed, Og ser med heilag lengsla fram mot ein evig fred, Då hennar tru omsider i herleg syn er bytt, og Kristi kyrkje kviler der alt er ungt og nytt.

Vers 5

5. Ho alt på jord har samfunn med ein triemig Gud, og med dei sæle ånder som stend i sigers-skrud. Gjev, Herre, oss den nåde ved enden av vår veg: lik dei, i fryd og fagnad få evig bu hj å deg!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken