Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 282

På Golgata min Frelsar god I siste, harde striden stod,

av Edmond Louis Budry, Lars nderot

Vers 1

På Golgata min Frelsar god I siste, harde striden stod, Alt mørkheims velde der tok slutt Då han på krossen anda ut.

Vers 2

Kor: Å Golgata, der Jesus krossens krone vann! Å Golgata, å Golgata, der livsens sæle fred eg fann!

Vers 3

Mens jorda skalv, og berga brast Og mørkret breidde seg med hast, Mens tempelduken rivna bratt, Gjekk Jesus inn i dødens natt.

Vers 4

Å himmelgåte understor, Kven kan utgrunda deg på jord! Men krossens naglar, krossens blod Meg syner Jesus er meg god.

Vers 5

Takk, Jesus, takk som siger vann Då siste, harde striden brann! Ugløymande, det var for meg, Når lyt eg alltid elska deg!

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken