Bibliotek

Skrivebordsvennlig lesemodus

Innstillinger
0 likesSB · 780

Så mange gamle så einsleg går Når det kveldar, Så lite sol på sin veg dei får, Når

Vers 1

1. Så mange gamle så einsleg går Når det kveldar, Så lite sol på sin veg dei får, Når det kveldar. Så lite gleda deim livet gav, Og lyse voner dei bleiknar av Når det kveldar.

Vers 2

2. Den nye tida dei titt finn rar Når det kveldar. Dei unge sjeldan deim skjøna har Når det kveldar. Dei vert så utanom eitt og alt, Og livet emsleg det vert og kaldt Når det kveldar.

Vers 3

3. Til deg, du ungdom, dei trøy star seg Når det kveldar, Å, send litt solskin på deira veg Når det kveldar! Å, lat dei veta du har dei kjær, Og at dei ikkje til overs er Når det kveldar!

Vers 4

4. For oss dei stridde, dei kvila treng Når det kveldar. Det utakk er om del gløymde gj eng Når det kveldar. Og vel me unge må tenkja på Korleis me sjølve det helst vil få Når det kveldar.

Vers 5

1904

Notater

Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.

Fortsett lesingen

Sangboken