Sjå, han gjeng inn til syndig mann
Vers 1
Sjå, han gjeng inn til syndig mann! Så over Jesus dei klaga. Men denne syndar livet vann, Sælt i hans hjarta det daga: Livet han storleg stunda på. Ljoset han lengta så sårt å sjå, såg han i Frelserens åsyn.
Vers 2
Jesus som våre synder bar, Visste òg råd i hans våde. Jesus han vert den syndar var Og honom møter med nåde, Kallar på honom blidt og bed: Kom no! I dag ditt hus får fred, For eg vil inn til deg stiga.
Vers 3
Jesus, eg er ein syndig mann, Kan utan deg ikkje leva. Fåfegnt eg leita, ingen fann Som kunne livet meg gjeva. Då kom du, Jesus, til meg inn, Gjesta òg meg med nåden din, Lyste din fred i mitt hjarta.
Vers 4
Sælt er det hus der du stig inn, Huset der fred du får lysa! Sæl er den syndar som deg finn Og vil i hjarta deg hysa! Sæl den dom fagnar deg i tru! Der vil du sjølv gå inn og bu, Der vil din nattverd du halda.
Vers 5
Takk så, min Frelsar, at du kom Og ville inn til meg stiga Og i mitt mørke hjarterom Lata ein solstråle siga! Takk, at du vegen til meg fann Og ville gjesta syndig mann! Deg vere lov i all æve!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken