Sjå, Jerusalem: No din konge kjem
Vers 1
1. Sjå, Jerusalem: No din konge kjem! Som ein frelsar logn og tolen Rid han fram på asenfolen. Gled deg, du Guds stad, Møt din konge glad!
Vers 2
2. Undeffull i råd, Sterk i dug og dåd, Evig Gud, sin Faders like, Fredens fyrste i Guds rike - Med det namn han er Helsa i Guds hær.
Vers 3
3. Fredsam er hans ferd, Fager er hans gjerd. Sjå, han byd deg fred og frelsa, Gå då ut og honom helsa! Høgt av fagnad kved! I din Gud deg gled!
Vers 4
4. Gjer då vegen jamn Og velsign hans namn! Sions stad, syng ut og sanna: No kjem Jesus! Hosianna! Lovsyng han som dreg I Guds namn til deg!
Vers 5
5. Ja, til deg, til deg Går hans kongeveg. I ditt hus han heim vil finna, Og ditt hjarta vil han vinna. Inn din Frelsar bed, Og ditt hus får fred!
Vers 6
6. Signa du som kjem Til Jerusalem! Fredens fyrste frå Gud Fader, Vis ditt velde alle stader! Gjer kvart hjarterom Til din heilagdom!
Notater
Notater her er private og lagres bare lokalt i nettleseren.
Fortsett lesingen
Sangboken